Då Volda kommunestyre vedtok å starte forhandlingar med Stryn og Hornindal i vinter, uttalte ex-ordførar Arild Iversen (KrF) følgjande: «Eg skal ikkje setje meg til motverge mot å snakke med nabokommunar, men trur ikkje det utgjer nokon stor forskjell. Vi kan berre risikere å kjøpe oss nokre bygder til.

Under folkemøtet i Austefjord måndag kveld, der honndalsordførar Stig Olav Lødemel var invitert saman med ordførarane i Volda og Ørsta, var det tid for orsaking.

- Eg vil be om orsaking for den karakteristikken. Det vitnar om litt lite forstand om kva dette dreier seg om, sa gruppeleiaren for Sp i Volda kommunestyre, Odd Harald Sundal.

Heile 60 personar møtet opp ved Austefjord skule for først å høyre dei tre ordførarane i Volda, Ørsta og Hornindal presentere sine tankar om kommunesamanslåing, og deretter stille spørsmål og kome med synspunkt.

Dei aller fleste som tok ordet, anten for å stille spørsmål eller kommentere, gav uttrykk for at dei ønskjer kommunesamanslåing der også Hornindal og Stryn er med. Nokre gjekk så langt som å halde ein knapp på alternativet med dei to Nordfjord-kommunane framfor naboen Ørsta.

- Valet vi no gjer skal vi gere for ungane våre, for dei neste 40-50 åra. Skal eg gje eit råd, så gir det oss ikkje å mykje nytt å gå i lag med Ørsta. Hornindal og Stryn bringer inn heilt nye og friske element som eg håper vi kan gjere oss nytte av, uansett om vi blir ein eller fire kommunar, sa Odd Harald Sundal og hausta applaus.

Halgeir Holsvik sa at han i starten såg Volda og Ørsta som ei naturleg eining, men no er blitt meir tvilande. Han poengterte at det spelar mindre rolle kvar rådhuset ligg, men at det er viktig med stort omland for sjukehuset. –Det er viktig å få til ordning der vi står sterkare når det gjeld sjukehuset. Eg ser at Hornindal og vidare er lurt å få med, men er redd føretaksgrenser og fylkesgrense er fastlåste, sa han.

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel sa seg samd.

- Grensa er øydeleggende for oss. Vi jobbar med saka og har stor tru på at dersom vi står ilag, kan vi lukkast med målet om at grensa ikkje skal gå der han går i dag.

- Helse Førde har laga eit notat der dei tek til orde for at ein samanslått kommune i framtida like godt kan forhalde seg til to ulike helseføretak, sa Jørgen Amdam.

- Notatet gjekk til statsråden for to-tre veker sidan, men vi har ikkje høyrd ein pip. Det er vanskeleg å sprenge i filler dette som det er tverrpolitisk semje om lokalt, sa Amdam.

Som fortalde at han og Lødemel skal på stortingshøyring om kommunereforma 9. mai. 1. juni er det avtalt møte med Fylkesmannen i begge fylka.

Solfrid Førde, ørsting som har budd i Volda lenge, sa at Ørsta og Volda burde vere samanslegne for lenge sidan.

- Så tenkjer eg at vi må vere litt meir visjonære. Tida forandrar seg, då treng vi sjå videre. Mine tankar har vore å sjå videre til Hornindal og Stryn med den muligheita vi har fått med Kvivsvegen. Eg håpar alle fire kommunane vert felles område, sa Førde.

Ottar Skare sa at Volda, Hornindal og Stryn utgjer eit mangfold som er sterke.

- Vi er litt misunnelige på dei i Hornindal og Stryn som finner på så mykje nytt. Samspelet her kan vi vinne mykje på. Austefjorden må tenke seg grundig om. Hvis det blir Ørsta og Volda vert ikkje Austefjorden meir sentral. Vi må slå oss saman alle tre elelr fire. Det kjem vi best ut av. Eg er meir skeptisk om vi går berre med Ørsta. Det kom noko godt gjennom Kviven, og meir er meir i vente, sa han.

Valborg Hustadnes sa ho gjerne vil ha med Hornindal og Stryn, og at namnet på den nye kommunen må bli Kviven. Torill Høydal følgd eopp og sa at ho ønskjer honndølene hjarteleg velkomen.

Mariann Skjerdal utfordra Stig Olav Lødemel om skular og opptaksområde.

- Du ser vi har ein flott skule her. Er det slik at du vil ha alle ungane til Hornindal elelr eit samarbeid som går begge vegar, ville Skjerdal vite.

- Vi vil ha samarbeid begge vegar, men hvis skulen i Austefjorden måtte leggjast ned, er avstanden til Hornindal kortare enn til Volda. Eg har registrert at det har vore diskusjonar om skulen her. I kraft av det har vi spelt inn at vi kan vere eit alternativ. For Hornindal kan vi hjelpe området her med ein del tenester, blant anna skule, sa Lødemel.

Jørgen Amdam presiserte at det er ungdomsskulen som har vore diskutert.

- Om vi får samanslutning, vil opning av grensa også føre til betre skyssordning enn i dag. Det vil gjelde begge retningar. Barnehage og barneskule bør vere her, sa Amdam, og la til at skulen i Austefjorden er fin.

- Finare enn i Hornindal, la han til med eit lurt smil.

Folkemøtet i Austefjord måndag kveld samla tre ordførarar og rundt 60 tilhøyrarar. Her Stig Olav Lødemel frå Hornindal. Foto: Bengt Flaten