Kommunestyrerepresentant Brynhild Lund Notøy (V)  reagerte på at prosjektleiar Kåre Træen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane venta til to månader før fristen 30. juni 2016 med å oppfordre til justering av upraktiske kommunegrenser. – Kvifor vart ikkje dette sagt frå om tidlegare, spurde ho i siste kommunestyremøte.

Brynhild Lund Notøy synte til at Kåre Træen var i Hornindal i oktober 2014 for å orientere om  kommunereforma.

- Eg stilte då spørsmål om det var mogeleg å gjere grensejusteringar iinnad i kommunar. Eg fekk ikkje noko svar, men vart lova at det skulle kome seinare. Så har ikkje skjedd, opplyste Brynhild Lund Notøy.

28. april 2016, same dag som Hornindal kommunestyre var samla for å vedta intensjonsavtale med Stryn og Volda, gjekk Kåre Træen ut i NRK Sogn og Fjordane med oppmoding til kommunestyra om å bruke sjansen til å få justert upraktiske grenser.

– Det er ille at denne informasjonen kjem så seint. Fylkesmannen burde gått ut med dette for lenge sidan, hevda Brynhild Lund Notøy.

Fjordingen har spurt Kåre Træen kvifor han ikkje sa noko om moglegheitene for grensejusteringar då spørsmålet kom opp på møtet med Hornindal kommunestyre i oktober 2014.

– På dåverande tidspunkt var ikkje grensejusteringar tema i kommunereforma. Spørsmålet har dukka opp seinare etter initiativ frå andre fylke og er del av inndelingslova, svarar Kåre Træen.