Framlegget til kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde har omtale av hovudanlegg for skyting. Der lokalitet ved Svingesetvatnet vert karakterisert som eigna.

Under punktet vurderte endringar som ikkje er omfatta av planframlegget, heiter det: "Kommundelplan for Bøasetra - Ullsheim, vedteken i 2013. inneheldt ei uløyst utfordring til vidare revisjon av arealdelen. Dette for å finne alternativ lokalisering av hovudanlegg for skyting på Bøanedsetra. Dette er også omtalt i den kommunale planstrategien.

Gjennom samarbeid med lokale skyttarlag, jeger- og fiskeforening og pistolklubb, samt Det Frivillige Skyttervesen (DFS), har det vore vurdert alternativ plassering av eit framtidig hovudanlegg for skyting innanfor planområdet. DFS har berekna støy på mange lokalitetar i planområdet.

Støyberekningar viser at vi ville fått uakseptable støynivå i området på Langesethøgda, fordi skyteretninga vil veret mot nordvest. I tillegg er det vurdert plassering av skytebane både i området Kobbetjern, Skogstjerna. sørenden av Langesetvatnet og ved Svingesetvatnet.

Ein lokalisert (Svingesetvatnet) utanfor planområdet er vurdert som eigna. Denne arealbruksendringa vert difor tilrådd handsama i ny revisjon av kommunepanen sin arealdel."