Hornindal kommunestyre slutta seg til framlegga frå råd og utval om å løyve 80.000 kroner til ekstraordinært vedlikehald på Anders Svor Museum.

Det er oppdaga lekkasje i taket på nordre tilbygg. For å unngå skader i konstruksjon og på utstillingane må dette reparerast snarast råd og innan turistsesongen tek til for fullt.

– I tillegg til taklekkasjen er det ein del ròte på bordkledninga i gavlen mot aust. Dette bør utbetrast med omsyn til det estetiske inntrykket av Anders Svor Museum, konkluderte sakshandsamar Audun Gausemel.