Volda og Ørsta vil ikkje hoppe i ekteseng med kvarandre. Det er meir enn klart etter folkerøystinga i dei to kommunane. Overraskande for mange var det at fleire voldingar enn ørstingar sa nei til ekteskap. Medan 62 prosent i Ørsta sa nei til Volda, var det nær 70 prosent i Volda som sa nei til Ørsta.

I prosessen fram mot folkerøysting i Ørsta og Volda har Volda-ordførar Jørgen Amdam vore klar på at eit nei mellom Ørsta og Volda kan opne for plan B som er samanslåing av kommunane Stryn, Hornindal og Volda. Amdam vil leggje intensjonsavtalen mellom Stryn, Hornindal og Volda fram for sitt kommunestyre torsdag denne veka, med god tru på at avtalen vil bli vedteken. I så tilfelle vil det bli gjennomført parallelle innbyggjarundersøkingar i dei tre kommunane frå og med 27. mai til 12. juni. I motsett fall er kommunane tilbake ved utgangspunktet der berre Stryn og Hornindal har intensjonsavtale med kvarandre.

Med Volda-ordføraren si tru på at kommunestyret vil vedta intensjonsavtalen med Stryn og Hornindal, vert det i neste omgang opp til innbyggjarane i dei tre kommunane å signalisere kva dei ønskjer. Minst 200 personar i Hornindal og minst 800 i Stryn og Volda skal svare på om dei ønskjer kommunesamanslåing, og eventuelt med kven. I Hornindal vil innbyggjarane og få spørsmål om kva retning dei vil gå, dersom dei må gjere eit retningsval anten mot Stryn eller Volda.

Kommunereforma så langt har ikkje gått slik kommunalministeren har ønskt. Hovudårsaka til det er nok at innbyggjarane føler dei ikkje har fått gode nok svar på kvifor dei skal slå seg saman med naboen, og kva dei vil tene på det. Difor har mange røysta nei. Men mange stader ligg det an til samanslåing, blant anna rundt Førde. Ikkje minst for å kunne bli ein maktfaktor som motpol til Førde-regionen, vil Stryn, Hornindal og Volda utgjere ein spennande og kraftfull allianse med stor breidde i tilboda. Seier Volda ja til intensjonsavtalen, vil vi om få veker få svaret på om innbyggjarane ønskjer samanslåing over fylkesgrensa.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør