Rekordmange og varierte turmål for alle aldersgrupper pregar årets turprogram.

– Vi har eit utruleg variert spekter i år. Frå overnatting på Flofjellet med Barnas Turlag, til dei som vil ha ekstremturar. Interessa er der, så her skal vere noko for ein kvar smak, seier leiar i Indre Nordfjord Turlag, Olav Auflem. I år er det ny rekord med totalt 73 turar.

– Vi synest det er heilt topp at vi har fått plotta inn over 70 turar i løpet av ein kort sesong, seier han om rekorden. Blant desse er 40 helgeturar, 18 onsdagsturar og 15 torsdagsturar.

– Godt i gangHan fortel at dei er komne godt i gang med tursesongen. Over 100 deltok på Barnas Turlag til Segestad. – Oppslutninga for Barnas Turlag er veldig god, seier han.Mange fekk med seg tre flotte skiturar til fjelltoppar i regionen. Onsdagsgruppa er også godt i gang med turar for alle, og ein del er tilrettelagt for innvandrarar. Seniorturane er for dei som kan møte opp på tur torsdag føremiddagar. Turlaget har også ei eiga ungdomsgruppe, men her slit dei litt meir med å få med fleire ungdomar. INT-Ung skal blant anna på overnattingstur til Tyssenaustet ved Bjørke i august, og på aktivitetshelg til Voss i september. Bre og fjellsport har åtte ulike typar turar, medan det blir 19 fellesturar i år.

Fokus på eiga hytteKomande laurdag blir det fellestur for alle til INT-hytta på Vetledalssetra i Oppstryn.– Vi ønskjer å få litt meir fokus på hytta vår som ligg på Vetledalssetra, seier Auflem. Dei ønskjer å løfte fram historia om bonde, breførar og tidlegare hytteeigar Tor Greidung, og ønsket hans om å dele kongeriket sitt med flest muleg vandrarar. For seks år sidan tok INT over drifta av hytta via leigekontrakt med noverande eigar Ragnar Greidung. Laurdag 4. juni blir det ny overnattingstur. Denne gong til historiske omgjevnader på Kinn og DNT-hytta der. Oldedalen/Stardalen i juli, Kamperhamrane i juli og Rondane i september er andre høgdepunkt.

Mange medhjelpararOlav Auflem held fram som leiar for turlaget, og har med seg følgjande personar i styret.Odd Henrik Berge, nestleiar, Siv Solheim, leiar Bre og fjellsport og sekretær, Idar Skogli økomiansvarleg, Jan Skaare, webansvarleg, Hildegunn Mykløen, medlem og leiar INT-ung, Renate Berstad, medlem og leiar Barnas Turlag. Vara: Lee Anna Mikkelsen og Oddbjørg Myren Tonning. Eivind Skjerven er leiar for seniorgruppa. Neste år kan INT feire 40-årsjubileum.