Fredag 3. juni blir det opning av Stryn omsorgssenter. Det betyr at ein er i mål med utbygginga til 200 millionar kroner.

- Det er med stor, stor glede og lettelse vi ser fram til at prosjektet er fullført. Dette blir veldig bra for brukarane og tilsette, seier helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.

Saka om utbygging av Stryn omsorgssenter - Stryn kommune sitt største prosjekt nokon gong - skriv seg attende til 2007. I 2010 vart det halde arktiektkonkurranse som enda med valdet av  A+A Arkitekter AS sitt utkast "Grønn omsorg".  Etter ein del "fram og tilbake", bestemte kommunestyret i juni 2013 at planane skule realiserast. Og no ser vi resultatet: To nye romfløyar,  storkjøkken, rom for ergoterapi/fysioterap m.m. i og full rehabilitetering av 1978-bygget.

- Dette har vore eit krevjande prosjekt. Her er nokre detaljar som kunne vore gjort annleis, men det store bildet er veldig bra med tilrettelegging for god og rasjonell drift. Så alt i alt er vi kjempefornøgde, seier prosjektansvarleg Berit Wetlesen.

Fredag 3. juni blir det formell overlevering frå HS Bygg til Stryn kommune.

- Arbeidet har gått veldig fint, fastslår byggeleiar Martin Kroken Nesje i HS Bygg.