Vigdis Loftesnes har teke til som dagleg leiar på Singerheimen i Olden. Ho har eitt års permisjon frå stillinga som psykiatrisk sjukepleiar på Nordfjord Psykiatrisenter.

- Etter å ha jobba som sjukepleiar i 32 år, hadde eg lyst til å prøve noko nytt, seier Vigdis Loftesnes.

Fjordingen møtte henne i arbeid med å stelle den store hagen på Singerheimen.

- Hagestell og vedlikehald er ein viktig del av jobben. Men det er også mange andre oppgåver. Etter at eg tok til i stililnga har vi hatt fleire selskap på Singerheimen, fortel Vigdis Loftesnes.

Singerheimen som stod ferdig i 1921, er eit praktanlegg. Men ein ser også behov for vedlikehald.

- Singerheimen er som ei gammal dame; litt skrukkete utanpå og kjempefin inni. Slike perler må ein stelle fint med, smiler Vigdis Loftesnes.