For tiande gong kan Jørn Sønsterudbråten ønske velkomen til motorfestival i Stryn.

Knapt nokon festival kan vise til så stor og jamn publikumstilstrøyming som motorfestivalen i Stryn. Allereie første året, i 2007, stod tusenvis av motorinteresserte langs fortauskanten for å sjå på den første bilparaden gjennom Stryn sentrum. Sidan har det teke av både i deltaking og publikumsoppslutning og halde seg på eit høgt nivå.

– Konseptet er jo rimeleg enkelt. Det handlar kort og greit om alt med motor, først og fremst bilar og vogntog. Men vi har hatt med både fly, sjølvsagt MC, firehjulingar og også båtar. I år er vannjet ein ny attraksjon, fortel festivalgeneral Jørn Sønsterudbråten.

Publikumsmagnetar

Minidragrace og paraden av storbilar, amcars og andre eldre bilar har vore dei største publikumsmagnetane under motorfestivalane. Truckstoppen i området ved Strynehallen, der publikum har vore inviterte til å stemme på finaste storbil, har og samla mykje folk. For det å mingle, prate og diskutere, er noko av det viktigaste.

Ein god handel

Motorfestival er sjølvsagt også staden for ein god bilhandel. Motorfestivalen vart etablert som arvtakar etter den mangeårige nybildagen i Nordfjord. Ei årleg hending som vart flytta frå stad til stad i Nordfjord. No er nybil ein del av det som er blitt mykje større.

– Eg er både glad og audmjuk når eg ser tilbake på ti år med motorfestival. Audmjuk fordi så mange har bidrege og drege lasset saman. Glad for at vi har fått det til så bra og både glad og litt overraska over den enorme oppslutninga, seier Jørn Sønsterudbråten.

– Motorfestivalen er eitt av årets absolutte høgdepunkt for mange. Difor klarer vi også å halde entusiasmen oppe, seier han.

Fokus på tryggleik

Tryggleik er eit sentralt stikkord for ein arrangør av motorfestivalen. Då dragrace stod på plakaten første året, var politiet skeptisk. Men arrangøren fekk løyve og justerte arrangementet etter kvart som ein fekk erfaringar.

– Vi har hatt og har eit godt samarbeid med politiet både under planlegging og gjennomføring av festivalen. Dette er eit arrangement der alle skal føle seg trygge, store som små, poengterer Sønsterudbråten.