- Visst eg skulle bruke følelsar og relasjonar så hadde eg gått til Stryn, men eg trur ikkje det er mest framtidsretta i denne saka.

Dette var gjennomgangsmelodien i ordførar Stig Olav Lødemel sin argumentasjon for samanslåing med Volda då formannskapet i Hornindal var samla for siste gong før den endelege avgjerda fell i kommunestyret i morgon.

Honndalsordføraren hadde starta onsdagen med å setje ord på papiret om kvifor han tek det valet han gjere. Dette las han opp for dei fire andre formannskapsmedlemmane Randi Langlo (Ap), Lars Alv Haugen (Ap), Eldar Engelund (Sp) og Bente Tryggestad (Sp).

- Kva er viktig? Snu negativ folketalsutvikling, gode tenester lokalt, opprusting fv 60, fjerne fylkesgrensa som er ein barriere for felles bu- og arbeidsregion, sa Lødemel og peika raskt på Volda som den beste parten til å innfri ønska på desse felta.

Oppteken av fylkes- og føretaksgrensa

- Utdanning og helse vil vi få eit betre tilbod frå Volda. Det er klare argument frå fagleg ekspertise kvar dei meiner beste tilboda er. Vi har i dag ein meiningslaus drakamp om pasientar mellom to helseføretak. Opprusting av fv 60, her har vi kjempa lenge for akseptabel standard. Fylkespolitikarane har ikkje klart å samle nok politisk tyngde til å gjere noko, sa Lødemel og meinte signala nordfrå synte ei mykje større politisk vilje til utbetring.

- Regionreforma er viktig for felles bu -og arbeidsregion. I dag er dette ein barriere for å knyte Nordfjord og Søre Sunnmøre nærare. Slår vi saman kommunar på tvers av fylkesgrensa, då tvingar vi også fram eit val, heldt ordføraren fram, og forfekta som fleire gongar før sitt syn om at fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har gjort svært lite for Hornindal.

Lødemel var også oppteken av at retningsvalet om å gå nordover handlar om å tenkje større.

- Stryn virkar nøgde med berre Stryn og Hornindal. I Hornindal er det vilje til å tenkje større. Samanslåing med Stryn kan hindre å flytte fylkesgrensa og ein auke i samarbeidet nordover, hevda han.

- Møre og Romsdal meir pågåande enn Sogn og Fjordane

Randi Langlo frå Arbeiderpartiet har også hamna på at Volda er best for Hornindal. Ho såg dessutan føre seg at eit val om Volda ville resultere i "ja takk begge deler".

- Sven Flo har uttalt at dei uansett vil samarbeide om vi velger Volda. Då har vi ein unik sjanse til å bygge vidare med Stryn, og har dei i bakhand, sa Langlo.

- Fagmiljø og sikre tenester, det er det heile greia botnar i. Då ser eg stor fordel i å sjå nordover framfor sørover. Eg opplever dessutan Møre og Romsdal som meir pågåande og aktive enn Sogn og Fjordane. Og Nordfjord ligg dårlegast an i fylket med tanke på å bli tilgodesett, heldt politikaren frå Ap fram.

- Vil kvile meg til i morgon

Dei to Senterparti-politikarane, Eldar Engelund og Bente Tryggestad, ønskjer til skilnad frå dei andre tre formannskapsmedlemmane å støtte framlegget frå rådmannen om å velje Stryn.

- Eg ser at eg er i mindretal, så eg kjeme ikkje til å argumenter i dag men vil kvile meg til i morgon, innleia Eldar Engelund.

- Eg føler meg tvinga til eit val eg ikkje har lyst å ta. Men eg vil støtte rådmannen sitt framlegg om å velje Stryn. Det blir mykje tvil og tru, synsing og mykje ein ikkje veit anten ein velger Stryn eller volda. I perspektiv av at dette er eit val for framtida, så trur eg ikkje nokon er kappable til å seie kvar vi er om 50 år, sa Engelund.

Fritt skuleval

Formannskapsmedlemmane var også innom utfordringar knytt til den vidaregåande skulen i Stryn, dersom Volda blir kommunen dei vel. Her meinte Lødemel at fritt skuleval mest truleg blir innført, og då er det ikkje lenger kommunetilhøyrsle som bestemmer om honndølene velger vidaregåande skule i Stryn eller Volda.

- Fritt skulevalg berre aukar konkurransen om å vere best mellom skulane. Det som blir viktig er kva linjer Stryn vgs har, sa ordføraren, som ikkje var i tvil om at miljøet i Volda i alle fall ikkje var dårlegare enn i Stryn.

Lars Alv Haugen, Arbeiderpartiet, orienterer seg til liks med partikollega Langlo mot Volda. Han har også trua på at Stryn kan kome etter på sikt.

- For å kome nærast det bygda ønskjer er det beste å gå inn i Volda, og prøve å få Stryn med inn. Viljen til Volda å sjå mot Stryn er til stades, hevda han.

Lødemel ser enno større på det.

- Eg trur ikkje vi ser Volda og Hornindal åleine. Vil fort sjå Ørsta med på laget også. Og eg håpar Stryn kjem att i.

- Kjenner ikkje politikarane i Volda

Bente Tryggestad (Sp) frykta for lokaldemokratiet ved ei samanslåing med Volda.

- Eg kan ikkje sjå at lokaldemokratiet skal bli styrka ved Volda. I Volda kjenner ikkje eg politikarar, og det kan nok andre skrive under på også. Vi kjenner ikkje bygdelag og befolkinga på same måte som i Stryn.

- Er følelsar og identitet det beste argumentet? var ordførar Lødemel sitt spørsmål tilbake. Vi skal gjere dette for framtida og då er spørsmålet om kjennskap og vennskap skal vere avgjerande i den samanheng.

Forventar at meiningar vert begrunna

Men trass si argumentering for Volda-samanslåing, var høgreordføraren også klar på at det er eit vanskeleg val.

- Ære vere dei som kjem med andre ting som får meg til å meine noko anna. Men i dag klarar ikkje eg å sjå det annleis. Eg forventar at meiningar blir begrunna i kommunestyremøtet i morgon.

- Det er vanskeleg å begrunne noko som berre er lause påstandar, kommenterte Engelund.

Og i den formelle avstemminga om retningsval vart resultatet altså 3-2 for samanslåing med Volda. SP-politikarane Bente Tryggestad og Eldar Engelund stemte for rådmannen sitt framlegg om Stryn.

Sp-politikarane Bente Tryggestad og Eldar Engelund vil til Stryn.
Randi Langlo og Lars Alv Haugen frå Arbeiderpartiet.