Silvia Prøven Tangen frå Senterpartiet var ein av mindretalet som under utvalsmøtet i Oppvekst og helse stemte for at Hornindal skal slå seg saman med Stryn. Læraren ved Stryn ungdomsskule uttrykte bekymring for at ungdomane ikkje var skikkeleg høyrt i saka.

Ho viste til ytringar på sosiale media der ungdomar frå Hornindal viste engasjement rundt kommunesamanslåinga.

- Men dei føler politikarane uansett har bestemt seg for Volda. Dei føler ikkje dei er høyrt, sjølv om det er dei som skal bu her. Det er dei som er framtida og dei vi vil behalde, understreka Prøven Tangen i utvalsmøtet.

- Tenleg med små skulemiljø?

Ho stilte også spørsmål ved fokuset på å redde skulen i Hornindal.

- Om elevane frå Austefjorden vil redde skulen er eg i tvil til, men eg lurer også på om det er tenleg med så små miljø, sa Prøven Tangen, og viste også til dei bindingane som idag er mellom ungdomar i Stryn og Hornindal.

- Elevane i Stryn snakkar mykje om elevane frå Hornindal. Dei har eit godt forhold til dei, og ein har til dømes samarbeid gjennom kulturmønstringa, peika ho på.

- Hugs på ungdomen, dei er framtida, var bodskapen frå ungdomsskulelæraren og Sp-politikaren.

I kommunestyremøtet torsdag fell den endelege avgjerda om Hornindal vel Stryn eller Volda.