Delar av eine brukaret til brua over Knutsdøla har rasa ut. Dermed er vegen stengd.

Ein eller annan gang i løpet av måndagen brotna eit stort stykke av det vestre brukaret ved Knutsdøla ut og etterlet seg eit krater ned i elva.

- Også delar av vegbana forsvann. Difor er brua og vegen til Knutsdalen stengd, seier ein av grunneigarane i området, Ola Inge Seljeset.

Han og naboar er no i gang med å lage ei mellombels løysing, slik at grunneigarane kjem fram til dyra som er på beite og får tilkomst til 450 mål innmark som snart er klar for andreslåtten.

-Vi lagar no eit vad over elva, nedanfor brua. På den måten kjem vi over med traktorar og større bilar med stor bakkeklaring. For vanlege bilar vert dalen stengd fram til ny bru er på plass. Eg veit ikkje når det kan skje, seier Seljeset.

Vegen til Knutsdalen er privat.

- Hovudutfordringa er å få finansiert opp ei ny bru som truleg vil koste pluss/minus ein million kroner. Vi er så vidt i gang med å sjekke kva som er mogleg i høve offentlege midlar. Med stor innmark innafor brua og 350 storfe som etter kvart skal heim frå beite, må vi uansett få til ei rask løysing for gardbrukarane. Dei som nyttar Knutsdalen som turområde, må rekne med å parkere privatbilen og gå inn dalen, seier Seljeset.

Ein stor del av det vestre brukaret på brua over Knutsdøla rasa ut måndag. Foto: Bengt Flaten