Torsdag vart underskriftslista for folkerøysting i Hornindal sendt kommunen. Denne viser at det endelege talet på underskrifter er 337. I Hornindal er det i overkant 900 røysteføre. Spørsmålet no er kva som skjer vidare med lista.

- I utgangspunktet er dette ei sak som har vore behandla før og det er ingen lovheimel som tilseier rett på ny handsaming. Men eg ser personleg ingen grunn til å ikkje gjere det, og mitt forslag er at vi løftar den opp på kommunestyremøtet 8. september, seier hornindalordførar Stig Olav Lødemel.

Han syner til lovteksten der det heiter som følgjer: "Eit kommunestyre må ta stilling til korvidt eit forslag materielt sett er det same som eit forslag som tildlegare er behandla". (.....) det må leggjast avgjerande vekt på om innbyggjarinitiativet introduserer forslag som avvik i vesentleg grad frå det som uttrykkeleg eller underforstått har vore framme ved den tidlegare sakshandsaminga, med andre ord bringer noko nytt inn i saka samanlikna med korleis den stod då".

- Vi må vurdere om det bringer noko nytt inn i saka. Skilnaden frå sist er at det no er 70 fleire underskrifter, seier Lødemel.

- Eg tenkjer at det vil ikkje vere akseptert at vi ikkje løfter saka opp, legg han til.

-Fryktar ingenting

Ordføraren står derimot fast på utsegn frå tidlegare, at det er tidspunktet med folkerøystingskravet han mislikar.

- Dei kunne kome med dette i april etter at vedtaket om spørjeundersøking vart valt til fordel for folkerøysting, seier han.

- Men det er altså ikkje frykta for eit anna utfall som gjere at du vegrar deg for ei folkerøysting?

- Nei, eg fryktar ingenting personleg. Det er berre rett og slett for seint, slår Lødemel fast.

Rådgjevande

Han peikar også på at det virkar som om aksjonen har gløymt at det i så fall var ei rådgjevande folkerøysting det ville vere snakk om.

- Det ville då vere eitt av fleire kriterie ein skulle legge vekt på. Folkerøystinga ville bety noko, men ikkje alt, understrekar ordføraren. Han ønskjer også å minne om diskusjonane frå det første formannskapsmøtet i januar i år.

- Der var vi samla einige om at styrt innbyggjarundersøking var det beste. Vi ville unngå mobiliseringsproblem, og følte oss sikrare på å få med heile spekteret på denne måten, seier Lødemel.

Han registrerer også skuldingar frå underskriftsaksjonen at han må ha visst at ein ville få utsett frist til etter 1. juli i spørsmålet om komunesamanslåing.

- Det er absolutt ikkje noko eg fekk eit einaste signal om, seier Lødemel.