Mariann Rosa (Thomassen) og hennar tidlegare band Surferosa opplever ein aldri så liten renessanse denne hausten. Først dukka låta Saturday night opp i sesongpremieren av årets Stjernekamp på NRK. Der var det Kate Guldbrandsen som framførte den "gamle" Surferosa-låta til terningkast 5.

Og denne veka vart på nytt ei låt frå den oppløyste punk-popgruppa, med strynejenta Mariann som vokalist, dregen fram på NRK i beste sendetid. Denne gongen var det Neon Commando som vart nytta som partylåt i den populære ungdomsserien SKAM.

- Eg vart overraska begge gongane! Moro at folk ikkje har gløymt oss, seier ei entusiastisk Mariann når lokalavisa tek kontakt.

Særleg artig tykkjer ho det er at produsentane for SKAM har valt å nytte dei i serien.

- Når det gjeld SKAM er dette beviset på at vi har ein ny generasjon med fans. Og DET er fantastisk gøy!

Men betyr dette at det kan vere grunnlag for eit comeback, spør Fjordingen.

- Comeback? Vil folk ha oss tilbake? spør Mariann Rosa tilbake.