Samanslåing av kommunane Hornindal og Volda kan bli framskunda med eitt år. Ideen om raskare samanslåingsprosess kom fram i førre møte i fellesnemnda, og kom frå rådmannen i Nøtterøy. Ho er sjølv oppe i ein tilsvarande prosess som skjer med eitt år kortare tid enn det det er lagt opp til for samanslåinga av Hornindal og Volda.

Fellesnemnda vurderte innspela som interessante og har i første omgang bede rådmennene i Hornindal og Volda gjere vurderingar og avklaringar på om det er mulig å få til samanslåing frå 1. januar 2019. Denne vurderinga skal vere klar til neste møte i fellesnemnda, 11. januar. Fellesnemndleiar Stig Olav Lødemel har sendt brev til kommunalminister Jan Tore Sanner med spørsmål om slik framskunding er gjennomførbar og akseptabel.

Eitt av mange praktiske spørsmål vil handle om overgangen frå dagens to kommunestyre til eitt felles kommunestyre. Lødemel har reist spørsmål om ein ved ei framskunding kan slå dei to kommunestyra saman frå 1. januar 2019, slik at desse i fellesskap vil styre den nye kommunen fram til valet hausten 2019.

Når to kommunar har bestemt seg for samanslåing, er det naturleg å tenkje at samanslåinga bør gjennomførast så raskt det er praktisk mulig. Mest truleg vil eit mål om raskare samanslåing også kunne skape større engasjement både hos tilsette og politikarar. Samtidig må ein vere klar over at samanslåing av to kommunar som og ligg på kvar side av dagens fylkesgrense er infløkt og krev mange avklaringar og tilpassingar. Det vil difor knyte seg stor interesse til vurderingane dei to rådmennene kjem med 11. januar. Samtidig vil svara frå statsråden kunne vere avgjerande for om raskare samanslåing er gjennomførbar.

Dersom svara frå rådmennene og ministeren er positive, bør januar 2019 vere innan rekkevidde. Eit slikt mål kan og bety kortare periode med mellombelse løysingar. Er det prakisk mogleg, er det liten grunn til å trekkje prosessen unødig ut i tid.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør