Johannes Thingnes Bø vart Norge sin redningsmann under VM i skiskyting i austerrikske Hochfilzen. Tre individuelle sølvmedaljar er imponerande i ein verdsmeisterskap der sjeldan mange nasjonalitetar var oppe på pallen for å hente edelt metall.

Senior-skiskyttar Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bø var dei andre lyspunkta på det norske laget. Sjølv om Bjørndalen avslutta med ein heller middelmådig fellesstart, vil vi hugse han for jaktstarten. Med startnummer 8 på brystet gjekk Bjørndalen seg opp til bronseplass, bak Martin Fourcade (gull) og Johannes Thingnes Bø (sølv). Det er meir enn respektabelt av ein skiskyttar på 43 år.

Tarjei Bø fekk ingen medaljar i dette VM. Likevel var han akkurat så blid som han pleier. Like mykje for broren sin medaljefangst som for sin eigen siger; å få helsa tilbake. Innimellom dei muntre kommentarane fortalde Tarjei kva som er viktigare enn medaljar; å ha god helse og føle seg i form. Etter ein særs tung vinter med mykje sjukdom klarte Tarjei akkurat å kome i god nok form til å få vere med i VM. I intervju med NRK sette han det heile i perspektiv då han fortalde korleis han har hatt det, og kor viktig det var for han å kjenne at kroppen lystrar igjen. At Tarjei tidvis viste seg fram heilt i tetsjiktet, fortel at han heldigvis er på veg tilbake mot god gammal form.

Tilbake til Johannes: Når resten av laget presterte dårlegare enn forventa og damene reiste heim frå VM fjernt frå ein einaste medalje, var yngstemann på herrelaget den vi kunne stole på. Markane-ekspressen avslutta med ein herleg fellesstart og skapte jubel ikkje berre i Stryn og Nordfjord, men i heile landet. Måten han gjekk seg opp frå fjerdeplass til sølv etter siste skyting, var imponerande. Tempoet han hadde då han først henta inn amerikanske Bailey og deretter austerrikske Eder, er noko av det råaste vi har sett på lenge. Og Johannes er berre 23 år. 20 år yngre enn Bjørndalen…

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør