Det har gått frå hest og høner til hestekrefter og hagereiskap. Jubilanten Johan Flo & Søn kan sjå tilbake på nokre mangslunge hundre år.

– Ja, i dag har vi berre desse som kan linkast til hestane, smiler Vidar Flo, og nikkar mot hestehengarane som står oppstilt utanfor butikken. Saman med jaktvåpen har hengarane, då i alle storleikar og til alle formål, blitt den varegruppa som veks mest for bedrifta som fyller hundre år i år.

Vidar er fjerde generasjon som driv Johan Flo & Søn, også kjent som Jernia Stryn. Før han i rekka finn vi faren Johan, bestefaren Ola og altså opphavsmannen til det heile, og oldefaren, Johan Flo.

Fetevarer og herreklede

Den spede start var i ein kjellar på sørsida av Stryneelva i 1917.

I kjellaren på huset midt i bildet starta Johan Flo opp butikken med fetevarer i 1917. Foto: Tonning

– Det byrja som Johan Flo Fetevarer, med laks og kjøt og litt hest, fortel faren til Vidar.Han arva både namnet til bestefaren sin og interessa og teften for å drive butikk - og då med eit allsidig fokus. For heile vegen har det vore viktig med fleire føter å stå på.

– I stallen var det plass til tre hestar, nokre kyr og høner. I 1931 kjøpte dei huset her i gata. Det vart herreekvipering (herreklede) og kjøkkenutstyr, fortel Johan. Han minnest godt gutedagane då dei sprang rundt utkledd i hattar som låg lagra på loftet.

Johan Flo etablerte seg i Tonningsgata i 1931 i dette verkstadbygget etter Karstad & Co. Der har dei vore sidan, men med fleire utbyggingar. Foto: Tonning

Bestefaren Johan døydde i 1954 og då tok sonen Ola over og dreiv butikken fram til 1973.

– Då var vi kjøtforretning og assortert landhandel. Etter krigen hadde vi fryseri med utleige av 160 fryseboksar, for det var ikkje vanleg med eigen frys på den tida, fortel Johan. Men då faren ville investere i nye maskiner i 1965, for dei gamle byrja å bli dårlege, sette Johan ned foten.

– Eg såg at det vart meir vanleg å ha frysar heime, det byrja bli ledige boksar og vi kutta det ut.  I staden utvida vi kolonialbutikken. Vi vart Stryn sin første sjølvbetjente butikk med tre handlevogner og ti plastikkorger, humrar han.

Slutt på kolonial

I 1973 var det Johan sin tur til å ta stafettpinnen vidare. Den første større omveltinga skjedde i 1981. Då reiste dei bygget som i dag husar G-sport. Kolonialen, Fm-mat, vart flytta dit, og i andre etasje etablerte dei Ringo leikebutikk og Til Bords.

– Så frå 1981 vart dette ein rein jernvarebutikk. Fram til då var det eit sammensurium, skyt Vidar inn. Han minnest sjølv sine gutedagar med kort veg til butikken frå leilegheita over, og om utkøyring av mjøl til bøndene oppover i bygda.

Sistnemnde forsvann frå sortimentet omlag samstundes som kolonialen vart flytt ut. Etter kvart forsvann kolonialforretninga for godt, saman med Til Bords og Ringo.

Vidar Flo i våpenavdelinga som er den delen av butikken som opplever størst vekst.

– Vi vart Jernia-medlem i 1991, og kjøkkenavdelinga tilhøyrer også deira konsept, fortel Vidar. Han er i dag eineeigar av bedrifta, og skildrar ei flott utvikling med ein årleg omsetnad på 30 millionar.

– Arealmessig er vi ein av dei største Jernia-butikken i Norge. Vi er største forhandlaren i landet på Ifor-hengarar og blant dei fire største forhandlarane av våpen frå Schou.

Satsinga på eigen serviceverkstad opp mot hagereiskap, ATV og snøfresarar, trur han også har vore viktig.

Satsinga på eigen serviceverkstad har vore viktig. Her er det Jens Rauschenbach som får hjelp av Paul Øyvind Glosvik (t.h.).

Ikkje press

– Vi har turt å satse, og det har Vidar også, seier Johan, når vi lurer på den gjennomgåande evna til å handtere mange og til dels ulike forretningsområde. Men noko klar, raud tråd er vanskelegare å finne.

– Vi har vel kanskje selt spiker i hundre år, ler Vidar.

Noko press om å drive vidare kjem han ikkje til å legge på sine eigne søner, den eine naturleg nok med namnet Johan. Press har heller ikkje han eller brørne Ola og Jan Egil måtte føle på.

– Eg sa til gutane at dei skal ikkje føle dei er nøydde å overta. Då driv eg heller så lenge eg kan og så sel eg. Men alle tre enda no opp med å drive med handel, smiler faren.