Alt klaffa, til og med vêret, då dronning Sonja opna Loen Skylift laurdag. Festpynta vaksne og barn møtte opp i tusental og lagde ei flott ramme rundt arrangementet både ved fjordbygget, fjordstasjonen og oppe på Hoven.

Omgrepet frå fjord til fjell har fått ein ny dimensjon gjennom bygginga av pendelbana som no kan bringe folk rett opp fjellsida på få minutt – frå fjøresteinane og opp på Hoven 1.011 meter over havet.

Sjølv på opningsdagen sa primus motor nummer ein i prosjektet, Richard Grov, at han var audmjuk for at det også har vore motførestillingar til Hoven-prosjektet. Samtidig uttrykte han håp om at også skeptikarane ser at det som er skapt, er viktig.

Hoven Loen er mykje meir enn ei pendelbane som tek folk til fjells på ein enkel måte. Her er bygd veg til fjells, Hoven har fått landets kanskje mest spektakulære restaurant og ikkje minst er det bygd og vil bli bygd eit omfattande nettverk av turstiar i fjellområdet bak toppstasjonen. Anlegget ligg dessutan tett inntil Via Ferrata og vil i høgste grad vere med på på komplettere Loen som turistdestinasjon av nasjonalt og internasjonalt format, til alle årstider.

Dei mange lovorda, ikkje minst frå fjelldronninga sjølv, understrekar kor stort prosjektet Hoven Loen er. Mange av dei som var på Hoven for første gong laurdag, måtte nok klype seg i armen for å finne ut at dette ikkje berre er ein draum, men ein draum som har gått i oppfylling.

Tre og eit halvt år etter at ideen vart lansert i media første gong, er Loen Skylift offisielt opna. Sjølv om det vil stå att noko avslutningsarbeid, er den massive langspurten fram mot opninga avslutta. Ein intens periode med planlegging og bygging er gått over i driftsfase. Fram til no har pengane strøymd ut i store mengder. Heretter handlar det om å tene inn att investeringa. Loen Skylift med restaurant og turstiar har så store kvalitetar at også den delen bør gå bra. Når også Nordfjord Havn kompletterte ved å få på plass tenderkai blant anna for cruiseturistar, ligg alt til rette for høg kabinfaktor opp og ned fjellsida.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør