Då Reisemål Stryn & Nordfjord skifta namn til Visit Nordfjord, var det og behov for å gjere noko med profileringa av selskapet og attraksjonane i regionen. I fjor haust vart ny logo og ny profilering presentert for 300 frammøtte i Operahuset Nordfjord. Det skapte applaus og stor begeistring.

I ettertid er profileringa lagt merke til av langt fleire enn dei 300 som møtte fram i Operahuset. Beviset for det fekk Visit Nordfjord og designbyrået Creuna i helga, då profilarbeidet vart heidra med sølv under «European Design Awards» i den portugisiske byen Porto.

Bygginga av merkevara Nordfjord tok utgangspunkt i at Nordfjord har alt, og bygde opp under «Alt i ein fjord». Visualiseringa som vart vald, er enkel både i form og presentasjon, og bidreg til å presentere Nordfjord som eit heilskapleg reiselivsprodukt.

European Design Awards heidrar årleg det beste innan europeisk design. Difor har dei all grunn til å vere stolte og fornøgde, dei som arbeidde fram profileringa for Visit Nordfjord. Minst like viktig som at profilering skal vere einsarta og fin å sjå på, er det at profileringa kommuniserer på ein enkel og lettfatteleg måte. Det har skaparane av den nye Nordfjord-profilen klart.

Det er stor stas å bli ropt opp på ei scene under ein internasjonal kåring, og motta pris. Ved å bli nominert og motta ein slik pris, vil selskapet Visit Nordfjord også få ein type mediemerksemd som kan resultere i endå større interesse for selskapet og produkta dei har å selje. I ei tid med mykje nysatsing fleire stader i Nordfjord, er det ein grei vinst å ha med seg.

Det er neppe nokon ulempe at prisen vart delt ut i eit europeisk land langt unna Norge. Tvert i mot kan det bidra til å trekkje endå fleire langvegsfarande turistar til regionen. Gratulerer med prisen, Creuna og Visit Nordfjord!