Stryn kommune har tildelt kr. 10.000,- i driftstilskot til den ideelle organisasjonen Mental helse Stryn og Hornindal.

- Organisasjonen har siste åra hatt liten aktivitet, men støtta frå Stryn kommune gir mulighet til å jobbe for auka aktivitet i laget. skriv kommunen i sitt svar på søknaden organisasjonen.

Mental Helse Stryn og Hornindal er ein liten organisasjon i kommunane Stryn og Hornindal med 19 medlem og eit styre på tre personar. Stryn frivilligsentral støttar organisajsonen med praktiske oppgåver og sekretærfunksjon.

Organisasjonen skriv sjølve at dei jobbar for å informere befolkninga om psykisk helse, ved arrangement og stands gjerne i høve Verdensdagen for psykisk helse.

- Vi har i alle år motteke driftstøtte frå Stryn kommune, noko som har vore avgjerande for å oppretthalde organisasjonen, heiter det av søknaden.