NTNU-professoren Oddbjørn Bruland er svært kritisk til NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) etter flaumen som råka heimbygda Utvik måndag. Bruland, som sjølv er fagmann på området, åtvara NVE seinast i fjor om manglar ved bruene.

- Bruene står, med unntak av den nedste, men det er lite poeng når vegane rundt er vaska vekk, seier Bruland.

- Sjølve bruene toler vassmengdene men dei står i vegen for vatnet slik at dei leier det andre vegar. Vatnet byrjar grave og tek nye løp, forklarar han.

- Ansvar for å delegere

Bruland skjønar at NVE ikkje har kapasitet til å skaffe seg oversikt over situasjonen i alle vassdrag i landet, men meiner likevel at det er NVE sitt ansvar å identifisere problemet og deretter delegere til profesjonelle konsulentfirma som kan ta hand om sjølve jobben med berekningar og vidare sikring av at bruer og elveløp er dimensjonert for vassmengdene som kan oppstå.

- Men i staden er dei ein flaskehals, meiner professoren ved institutt for vann og miljøteknikk i Trondheim.

Bruland har vendt seg til NVE fleire gongar med bekymring for situasjonen i Utvik. Men dei har synt til at dette er Statens vegvesen sitt ansvar. Seinast i fjor sommar, då det også oppstod ekstrem vassføring i elva, kontakta Bruland NVE og sende dei bilde av vassmengdene i Storelva. Men ingenting skjedde.

- Dei burde vore her og vurdert situasjonen. Dei burde sjå på bileta at dette var kritisk, seier han.

- I staden for å setje i verk ei utbetring på 10 millionar, så endar ein kanskje opp med eit skadeomfang på 200 millionar, meiner Bruland.

Sjølv råka

Den utflytte utvikaren har hus heilt nede ved sjøen og vart sjølv offer for flaumen.

- Huset er berga men tomta ser ut som eit mareritt. Naustet og ein liten garasje er kollapsa, og to båthengarar vart vaska på sjøen, fortel han.

Bruland vart tidleg obs på flaumen måndag morgon.

- Eg stod opp og såg at elva var knallbrun og sprang opp for å sjå. Eg var både fagleg interessert og litt redd, seier professoren.

1000-årsflaum

Dagen etter er det også den faglege interessa han finn motivasjon i.

- Nei, eg finn ikkje motivasjon i å gjere noko enno, seier han med eit sukk, og skildrar situasjonen med opprydding og istandsetjing som kaotisk og motlaus.

No er han oppteken av at grep blir tekne med tanke på framtida.

- I fjor hadde vi det som vart kalla ein 200-årsflaum, denne ein 1000-årsflaum. Men det som er spøkje er at det skjer to år på rad. Korleis blir den neste, spør Bruland.

Dette bildet tok Bruland sjølv i fjor sommar og åtvara NVE mot kva som kunne skje. Foto: Oddbjørn Bruland