Tre veker har gått etter storflaumen som vaska vekk vegar og raserte store delar av Utvik. Det skulle gå to og ei halv veke før Utvik igjen vart opna for gjennomgangstrafikk, rett nok regulert. Men framleis er begrensninga 15 meter. Det betyr at vanlege bilar, bussar og lastebilar får køyre gjennom Utvik. Vogntog må framleis køyre via Anda-Lote.

Dermed kan næringslivet og reiselivsverksemdene som rekna med tapt omsetjing på samla fem-seks millionar kroner pr. veke med stengd veg, igjen ha fokus på eiga drift i staden for stengde vegar. For transportnæringa snakkar vi framleis om samla meirkostnader på fleire hundre tusen kroner i veka, fordi bilane må køyre lang omveg som kostar både i kilometer, tid, bilar, tal tilsette og ferje.

Alvoret for og engasjementet i næringslivet i Stryn vart godt synleggjort før helga, då fleire næringslivsleiarar møtte kvarandre i Olden med det eine mål å snakke om situasjonen. I samtalen ute på ein parkeringsplass kom først frustrasjonen over fylkeskommunen som ikkje hadde lagt asfalt på omkøyringsvegen gjennom Hage i Utvik. Brått vart frustrasjonen snudd til noko kreativt. Næringslivsaktørane fann ut at dei ville asfaltere den private vegen for eiga rekning. Grunneigarane og Veidekke vart kontakta på direkten, og kvelden etter vart omkøyringsvegen asfaltert. Få timar seinare vart vegen opna også for bussar.

Næringslivet demonstrerte handlekraft, samtidig som dei signaliserte klare forventningar om handlekraft også frå fylkeskommunen si side. Kravet frå så vel næringsliv som bebuarar i Utvik, politisk miljø i Stryn og med støtte frå blant andre tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete er at det snarast kjem på plass ei midlertidig bru som opnar opp Utvik også for tungtrafikken. Neste krav er nye bruer som toler neste storflaum.

Utvikarane har krav på tryggleik. Det same har trafikantane. Difor må fylkespolitikarane med finansiell hjelp frå Staten innfri kravet først om open veg også for tungtrafikken, dernest kravet om bruer som toler neste flaum. Noko anna er uakseptabelt.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør