Måndag var det skulestart i indre Nordfjord og ekstra velkomne var dei 104 elevane i Stryn og Hornindal som hadde sin første dag på skulen.

- Her skal dagane vere fylt av glede, trivsel, tryggleik og læring, sa rektor ved Oppstryn skule, Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen.

For ho var det kjekt å kunne telje åtte førsteklassingar. Ein må heilt tilbake til 1989 for å finne større kull ved skulen på Hjelle.