Distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, seier i dagens avis at Hoven som kulisse for ein TV-produksjon er ein stad i verdsklasse. Uttalelsen kjem etter valdebatten som vart sendt frå Hoven førre veke. Gilleshammer fortel at det var NRK Sogn og Fjordane som sjølv spelte inn ideen om valsending frå Hoven. Leiinga for valsendingane responderte positivt, og no trur Gilleshammer at Hoven kan bli brukt til fleire TV-sendingar i tida som kjem.

For alle som var til stades i Hoven restaurant under valsendinga, var det ei spesiell oppleving både å sjå korleis ei slik sending vert gjennomført, og ikkje minst føle på stemninga. Mange frå publikum og panel følgde sendinga på storskjerm ved Hotel Alexandra då valdebatten vart sendt halvannan time etter at opptaket på fjellet var over. Det var litt som å vere på kinopremiere, der publikum klappa av begeistring etter at Vilde og Anna avslutta sendinga med sin luftige songopptreden.

Valsendinga frå Hoven var mykje meir enn ei valsending. Med flott vêr som bonus, vart det og ei gedigen marknadsføring av Loen, Stryn og Nordfjord. At TV-produksjonen representerer ein markedsføringsverdi for regionen på mangfaldige millionar kroner, er ein bonus særleg for Hoven og Loen Skylift, men og for mange andre som driv reiseliv i indre Nordfjord.

For vertskapet som meir enn velvillig stilte Hoven til disposisjon for TV-sendinga, var det viktig å få vise fram at reiseliv og næringsliv i regionen tør og satse, og får det til. Allereie første sesong med gondolbane til Hoven er alle prognosar for besøkstal sprengde. Det betyr betydeleg høgare inntekter enn budsjettert. For eit prosjekt som har kosta rundt 300 millionar kroner og som ønskjer vidare utvikling også i åra som kjem, er det kjærkome. Valsendinga fekk godt fram at reiselivet i regionen ikkje er nokon passiv nikkedokke, men eit velsmurt maskineri som vågar å satse, og som får det til.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør