Smykke, spenner og andre arkeologiske funn frå Stryn og Hornindal er mellom dei 400 arkeologiske gjenstandane som vart stolne frå Universitetsmuseet i Bergen i august. - Dei stolne objekta er hovedsakleg frå jernalderen (500 f.Kr til 1030 e.Kr), og særleg perioden som vert kalla vikingtida (800-1030 e.Kr) er berørt. Det er snakk om så mange objekt at det for eit museum er heilt forferdeleg. Det finst ikkje andre ord for dette, seier museumsdirektør Henrik von Achen til UiB.no.

Museet anslo først at 250 gjenstandar var borte, sidan har dei oppjuster talet til rundt 400. Dei stolne objekta var ikkje ein del av utstillinga, men lagra i museet sine magasin. Der har dei lege merka, sortert og nedpakka. Fleire av dei var meint å skulle inngå i ei ny vikingustilling ved museet.

Inn her: Det har vore rehabilitering av museumsbygningen, og tjuvane tok seg inn ved å klatre opp dette stillaset og knuse eit vindauge. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Etter kvart som lista over stolne gjenstandar har blitt oppdatert har det også blitt klart at ei rekkje funn frå Stryn og Hornindal er blant dei stolne gjenstandane. Mellom anna eii spenne frå Lyslo i Innvik, to skålforma spenner frå Rygg, Hornindal, armband frå Muri, Olden, ei ringnål, eit hengesmykke og ei samling glasperler frå Kyrkjeeide, Stryn, to spenner og eit nålehus frå Grodås, Hornindal, ei spenne frå Glomnes, Stryn, ei spenne frå Eide, Olden, to spenner og eit toppstykke av ei nål frå Gutdalen, Oppstryn, ein nøkkel frå Mindresunde, Stryn  og eit nålehus frå Maurset Utigard (Hornindalssida).

Kaos: Dette synet møtte dei tilsette då dei kom til kontora i Tårnet. Foto: Kari K. Årrestad /Universitetsmuseet i Bergen

Det er også ei rekkje gjenstandar frå Gloppen og Eid som er stolne.

– Dette er ikkje tjuveri berre frå Universitetsmuseet i Bergen. Dette er tjuveri frå oss alle. Alle nordmenn har misst noko av kulturarven sin, seier museumsdirektøren.

Gjennom Facebookgruppa «Tyveriet på Universitetsmuseet» ber Universitetsmuseet om hjelp frå publikum. Der blir det fortløpende lagt ut bilde av stolne objekt. Museet oppfordrar også folk til å følgje med på kjøp og sal på nettet og "det mørke markedet".

- Sjå etter kulturarven vår på Finn, eBay og andre marknadar, skriver museet.

Magasinet: Opne dører og skuffer og tom emballasje på golvet. Her låg dei stolne objekta lagra og merka, fleire av dei i påvente av ei ny vikingsutstilling. Foto: Kari K. Årrestad /Universitetsmuseet i Bergen

Økokrim seier til avisa BT at Universitetsmuseet gjer lurt i å nytte sosiale medium.

- Universitetsmuseet i Bergen har gjort ein god jobb og gjer rett i gå ut på sosiale medium med informasjon, sier politi­overbetjent Kenneth Didriksen i Økokrim til avisa.

Han seier det kan vere nyttig å gjere gjenstandane kjende i nettsamfunn der samlarar møtest, og seier han trur motivet for tjuveriet er å omsetje desse kulturskattane for pengar. Ved å gjere det kjent at desse gjenstandane er stolne, kan det verke avskrekkande på eventuelle kjøparar.

- Det er forbode ved lov å kjøpe ting ein veit er stolne, seier Didriksen til BT.

Bilde av "vikingskattar" på Ebay. Vikingsmykke er ettertrakta gjenstandar og blir gjerne relaterte til populære "Game of Thrones". Foto: Skjermdump

Gjenstandar frå vikingtida, såkalla "viking treasures", er in for tida, og på Ebay dukkar det stadig opp gjenstandar knytte til denne perioden.