- Eg trur at Moods er ei sterk merkevare sjølv om ikkje selskapet var det på slutten, seier direktør for Innovasjon Norge i fylket, Halvor Flatland. Han ser ikkje vekk ifrå at nokon kan sjå potensiale i konkursbuet.

- Eg trur at der er mulegheiter, seier han.

- Kan det vere dei sjølve som tek merkevara vidare, spør vi?

- Det er ingenting praktisk i vegen for det. Men no synte det seg at dei ikkje klarte å finne løysing. Eigarane var ikkje villige til å gå inn med kapital. Men no får vi berre vente å sjå til etter at bustyrebehandlinga er ferdig. Det vil nok ta litt tid, og så får vi sjå kor det utviklar seg, seier Flatland.

Han tykkjer det er trist at det skulle ende i skifteretten for selskapet han har fulgt tett sidan oppstarten.

- Moods har som merkevare vore eit flaggskip vi har hatt tru på og som har gjort det veldig bra, seier han, og legg til.

- Men dei har ikkje vore like heldige med alle trasévala. Kanskje var dei for offensive og vaks for fort, seier Flatland.

Direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland. Foto: Innovasjon Norge