I august søkte ein bebuar ved fylkesveg 725 om redusert fartgrense ved huset sitt i Utvik. Den omsøkte strekninga gjeld frå starten av fv.725 i Utvik og om lag 350 meter utover mot Tistam. Årsaka er at fylkesvegen går like utanfor søkjar sitt husvære.

Vedkommande søkjar at fartsgrensa vert sett ned frå 50 km/t til 30 km/t.

- Vegen er svært uoversiktlig og stekt belasta med trafikk og særlig tungtrafikk fra Moldrheim skifer. Utgang fra mitt husvære går rett ut i fylkesvegen. Hjørnet på husværet mitt står under en meter fra vegen, heiter det frå søknaden.

Statens vegvesen ønskjer å gjennomføre fartsmålingar på staden før dei gjev sitt svar i saka.

- Dette kan ta noko tid, då vi må ha tilgjengeleg utstyr før målingane kan gjennomførast. Vurdering av eventuelle tiltak vil verte gjort i etterkant av målingane, heiter det i svaret frå vegvesenet.