- Eg elskar Stryn, strålar Medina når vi spør korleis han opplevde å kome tilbake hit.

- Ein fantastisk plass. Eg tok så mange «snappar» (Snap chat). Eg har ikkje sett noko liknande, seier artisten og viser til det flotte vinterlandskapet som møtte han på veg hit.

Olden og Norangsdalen

Faktum er at den kjende artisten har ei aldri så lita tilknytning til kommunen. For nokre år sidan vart han kjærast med norske Silje Skylstad. Medina fortel at svigerfaren, Eldar, har anar frå området. Mora heitte Brynestad til pikenamn og var frå Olden. Skylstad-namnet kjem frå Norangsdalen.

– Eldar bad meg stikke innom og sjå til familiehuset, smiler Medina. Og svigerfaren kan stadfeste tilknytninga.

– Ja, det stemmer. Store deler av somrane mine i barndommen var i Olden, seier Skylstad. No håpar han dattera, Chris og barnebarnet vil tilbringe meir tid her oppe, for det er tydeleg at svigersonen likar seg her.

– Ja, det hadde vore utruleg kjekt. Eg har veldig lyst å ta dei med over alle tre og vise dei skikkeleg rundt. Det er jo den vakraste staden i Norge!

Artisten var her også i samband med Strynemessa i 2012, året etter gjennombrotet med låta What are words.

- Eg hugsar vi hadde eit lydanlegg som berre var berekna for 300 personar. Og så var det ein enorm folkemengde som kom, minnest artisten.

Lage sin eigen juletradisjon

Vi spør Medina kva jul betyr for han.

- Jul betyr å samlast med familien og ete så mykje du klarar, smiler han.

Han har no busett seg i Oslo saman med kjærasten og i sommar fekk dei sitt første barn.

- No skal eg starte min eigen tradisjon med Silje og Mila. Dette blir mi andre jul i Norge.

Skilnad på USA og Norge

Å vere artist i Norge samanlikna med USA merkast først og fremst ved at det er ein mindre marknad.

- Det er vanskelegare å kunne spele heile tida. I USA kan eg spele kvar dag resten av livet, og ingen vil legge merke til det. Her kan folk bli for vande til deg, seier Medina.

Men ambisjonen no er å bygge seg opp som artist og merkevare med utgangspunkt i Norge. Og han trur neste år skal by på mykje spennande.

- 2018 skal bli eit flott år. Eg skal gi ut musikk, bygge opp ein merkevare her og vi planlegg å reise på turne i Kina, så det blir moro!