Kvalitetssikringsrapporten som tilrår strossing (utviding) av eksisterande tunneler på rv 15 Strynefjellsvegen får slakt av så vel leiar i Thor Tenden Transport, Rolf Olav Tenden og stryneordførar Sven Flo. Skulle tilrådinga om strossing vinne gjennom i regjeringa, vil det bety fire år med stengd tunnel på nattestid store delar av året. Ei slik løysing vil vere katastrofal for mange. Tenden seier rett ut at han kan leggje ned bedrifta si, dersom ei slik løysing vert vald. Ordføraren fryktar massiv nedlegging av bedrifter som er avhengige av vegen. Uansett vil mange bli påført store problem og meirkostnader ved ei slik løysing. Stenging av tunnelane nattestid betyr og slutten for nattbussen til og frå Oslo.

Svein Sunde i Gode Vegar AS er ikkje mindre kritisk enn Flo og Tenden. Etter å ha finlese rapporten, fastslår han at denne ikkje svarar på det regjeringa bad om. I følgje Sunde skulle rapporten blant anna finne ei løysing som gjer den viktige transportkorridoren mellom vest og aust rassikker, næringsvenleg og framkomeleg heile året. Rapporten leverer ikkje svar på nokre av desse viktige spørsmåla. I staden inneheld den ei løysing som bokstaveleg talt stikk kjeppar i hjula både for transportbransjen og næringslivet. Både på grunn av lang anleggsperiode og fordi rv 15 Strynefjellsvegen vil forbli eksakt like rasfarleg som han er i dag. På snørike vintrar som den vi har no, er rasfaren i Grasdalen eit stort problem. Ikkje fordi det rasar så ofte, men fordi terskelen for å stengje vegen på grunn av rasfare, er ganske låg. Difor er det avgjerande viktig å få på plass ein ny tunnel som er trafikksikker og som gir bortimot 100 prosent framkomelegheit på Strynefjellsvegen året rundt.

Støtta for ein framtidsretta løysing for Strynefjellsvegen er massiv så vel politisk som frå eit breitt næringsliv på Nordvestlandet. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland fylkeskommunar støttar alle løysinga med lang tunnel og arm til Geiranger. Det same gjer Sunnmøre regionråd, NHO, LO og Norsk Industri, for å nemne nokre. Dette er og løysinga som er trekt fram i transportkomiteen sin merknad i Nasjonal Transportplan.

For å kome vidare i det tempoet som er nødvendig, bør regjeringa snarast råd leggje tilrådinga om strossing langt nede i ein skuff, og i staden gir grønt lys for den framtidsretta løysinga: Lang tunnel og arm til Geiranger.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør