Loen Skylift og Hoven satsar på heilårsturisme og er allereie godt i gang med arbeidet for å bli ein spennande vinterattraksjon.

Med flunka ny trakkemaskin vert det køyrt løyper til Skredfjellet. Ingen lang tur, men på dei knappe fem kilometrane tur-retur får ein til gjengjeld ei fantastisk utsikt over Nordfjord og mot Sunnmøre.

- Det er frå no og utover vi tenkjer det er dei beste forholda. Kanskje aller best når vi kjem til slutten av mars og sesongen er på hell i dei andre skisentra, og det passar jo godt, seier Knut Roar Skåden. Han køyrer trakkemaskina og har god tru på fine løyper heilt til starten av juni.

For dei som ønskjer seg på toppturar utanfor spor er det mange mulegheiter. Staurinibba med sine 1.379 meter eit flott turmål nærme unna. Truger er eit fint alternativ til skia og dette kan leigast hos Loen Active.

Akeeldorado

Elles er aking ein aktivitet det blir satsa på ved den nye turistmagneten i Loen. Rett bak toppstasjonen og restauranten er det preparert ein flott akebakke. Her kan små og store leike seg med kjelkar utleigd av Loen Active. Anten trekjelkar av den tradisjonelle sorten, laga av Utvik Tre, eller stålkjelke bygd for endå meir fart.

Også anleggsvegen ned til Opheim ligg freistande og ventar. Ein 8 km samanhengande akebakke er ikkje å forakte. Men bruk av denne skjer på eige ansvar og her krevst det ein ekstra porsjon sunn fornuft, sidan det tidvis er svært bratt og ein ofte vil møte både maskiner og folk på veg oppover.