Fredag ettermiddag gjekk den første konkurransen i junior NM hopp og kombinert av stabelen i Bjørkelibakken på Fjelli. Det var kombinertløparane som innleia meisterskapen med si normaløving, hopp med påfølgjande 10 km langrenn for gutane, og fem km for jentene.

Best blant gutane var den ferske sølvmedaljevinnaren frå junior-VM, Einar Christian Lurås Oftebro (19) frå IL Jardar og Kollenhopp. Men han måtte knive ein knallhard duell mot sin to år yngre bror, Jens, i kampen om NM-gullet. Berre eitt sekund skilde brørne i mål. Og kun eitt sekund bak der att storma Leif Torbjørn Næsvold frå Røykenhopp over målstreken til bronse.

Beste jente var Marte Leinan Lund frå Tolga IL og Granåsen skiteam. Ho vann med knapt minuttet føre Thea Øihaugen frå Gausdal IL.

Det tok litt tid før prøveomgangen kom i gong fredag, grunna snøvêret som passerte på tidleg ettermiddag. Men vêret letta og under konkurransen var det flotte og rettferdige forhold for utøvarane.

Det var Linda Svendsrud frå hoppkomitéen i NSF som opna NM.

- Eg vil takke for at arrangøren har tatt på seg oppgåva. Det er mykje arbeid som ligg bak. Eg håpar utøvarane har med seg gode opplevingar heim sjølv om resultata ikkje skulle bli som ein håpar. Det er også artig at det er fleire med enn i fjor, sa Svendsrud.

NM held fram med sprintøving kombinert og individuell konkurranse i hopp laurdag. Søndag står lagkonkurransar på programmet i både hopp og kombinert.

Vårt einaste lokale håp, kombinertløparen Eskil Kveen, har vore ute heile sesongen grunna sjukdom. Det er difor ingen lokale utøvarar med i NM-konkurransane.

Også kombinertlangrennet vart avvikla ved Nordfjord Fritidssenter. Her ser vi startnummer tre på veg ut, Einar Christian Lurås Oftebro. Han vann løpet fattige eitt sekund føre broren Jens. Foto: Anne-Mari Aalberg
Linda Svendsrud frå skiforbundet stod for opninga av junior-NM.