-Kombinertframtida ser absolutt lys ut.

Det seier trenar for kombinertutøvarane i Kollenhopp, og med det også trenar for nokre av dei beste løparane i landet, Carlo Brömel.

I gruppa har han blant anna to brør som i åra framover skal forsvare Norge si stolte historie innan kombinertsporten. Jens (17) og Einar (19) Lurås Oftebro tok kvar sin siger i dei individuelle øvingane under junior-NM ved Nordfjord Fritidssenter. Akkurat som det har vore gjennom heile sesongen.

- Ja, vi har ført statistikk og vi har vunne sju gongar kvar, så vi er veldig jamne, seier laurdagens vinnar og yngstebror Lurås Oftebro. Han har akkurat sikra seg gullet og i målområdet ligg ein totalt utslått storebror Einar. Han tapte spurten om sølvet mot Andreas Skoglund. Fredag var det derimot han som vann føre Jens.

Dei to brørne frå IL Jardar og Kollenhopp var tidlegare i vinter til junior-VM og synte der at dei også hevdar seg internasjonalt. Eldstemann tok sølv individuelt medan Jens tok ein sjuandeplass. I lagkonkurransen gjekk begge på laget som tok bronse.

- Jens og Einar kom hit som favorittar. At dei taklar presset er veldig bra, skryt trenaren.

- Jens har fordelen med ein storebror som er veldig dedikert til det han driv med og som lærer yngstemann opp, seier Brömel. Han meiner det er eit høgt nivå blant juniorane i landet og trur Norge no står føre eit generasjonsskifte i kombinertsporten.

- Er dette løparar med medaljesjansar i neste OL?

- Absolutt. Dette er løparar som har kome langt i forhold til alderen. I tillegg til Jens og Einar har vi eit par til som vi truleg vil sjå i OL i Bejing, spår Brömel.

Jenteduell

På jentesida er rekrutteringa noko mindre. I NM var det kun Marte Leinan Lund og Thea Øihaugen som deltok.

- Vi brukar vere litt fleire, men nokre er ute med sjukdom og skade, forklarte dei to. I følgje jentene brukar dei vere ganske jamne, både i bakken og i sporet, men i NM la Leinan Lund eit godt grunnlag i bakken begge dagar og vann både normalen og sprintøvinga.

Kombinert for jenter er ikkje OL-øving, men ein håpar å sjå den på VM-programmet i 2021.

Carlo Brömel er trenar for kombinertløparane i Kollenhopp.
Marte Leinan Lund vann begge dagar i dullen mot Thea Øihaugen.