Førebels rekneskap for Stryn kommune i 2017 syner eit mindreforbruk i høve budsjettet på 11,6 millionar kroner.

Ei viktig årsak til mindreforbruket er at kommunen fekk ekstra tilskot frå staten i samband med flaumen i Utvik sommaren 2017.

- Av tilskotet står der att 3,7 mill. kroner som skal dekke deler av kommunen sine kostnader til vidare opprydding i 2018. Dette må setjast av på eit eige fond i samband med avslutninga av rekneskapen og kjem i fråtrekk frå dei 11,6 millionane, skriv rådmann i Stryn, Rune Hovde i ei pressemelding.

På slutten av året vart det klart at kommunane i Norge fekk høgare skatteinntekter enn venta. For Stryn utgjorde dette 5,3 millionar kroner meir enn budsjettert.

- Drifta i høve det vi budsjetterte med, er vi i praksis «i null», seier Hovde til Fjordingen.

I pressemeldinga presiserast det at rekneskapen enno ikkje er revidert, og må reknast som førebelse tal. Endeleg rekneskap og årsmelding for 2017 skal handsamast i Stryn kommunestyre 15. mai.

Rådmannen skriv om eit krevjande driftsår og gir ros til dei tilsette i kommunen for god budsjettdisiplin i driftsåret 2017.

- Totalt har kommunen ei «omsetning» på om lag 750 millionar kronar. Avviket i resultatet sett i høve til kor mange kroner som er i omløp er svært lite og syner at dei tilsette i kommunen syner svært god budsjettdisiplin, skriv rådmannen.

Rådmannen meiner resultatet for 2017 syner at det er viktig å halde fram arbeidet med å skape nødvendig handlingsrom for både viktige prosjekt, samstundes som ein kan gi både innbyggjarar og næringsliv gode tenester.

Gjennom «Prosjekt 2018» står kommunen føre eit omfattande arbeid med omstilling. Resultatet av dette arbeidet skal innarbeidast i budsjett og økonomiplan 2019-22.