Fleire stader i landet har det komme uvanleg mykje snø denne vinteren. Kald luft frå Sibir har gjort det kaldt i store delar av Europa, og 1. mars blei det sett fleire kulderekordar i Noreg.

Den snørike vinteren har effekt på norske isbrear, seier Geir Moholdt, forskar ved Norsk Polarinstitutt.

– At det snør mykje ein vinter, har positiv påverknad på isbreane. Det kan hende at isbreane i Sør-Noreg legg på seg, seier han til Dagens Næringsliv.

For at det skal skje, ønsker forskaren seg ein kjølig sommar. Ei kartlegging har vist at 326 kvadratkilometer av norske isbrear er blitt borte på 30 år.

– Snøfallet kan kompensere for smeltinga om sommaren, men det kan vi ikkje seie noko om ennå, se

ier Moholdt.

Sjå video: Bli med røynd guide opp til Briksdalsbreen