Fredag kan du vere den heldige vinnaren av gullmedalje frå Holmenkollen, og det utan å måtte spenne på deg skia eller anstrenge deg nemneverdig. Men det krev ein viss porsjon vinnarflax.

Stryn Ping Pong Club (SPPC) kan nemleg melde at ein av dei grommaste premiane i loddboka under basaren fredag på Irsk fest, er den rykande ferske gullmedaljen Johannes Thingnes Bø var med og kapra i helga under stafetten i Holmenkollen.

- Ja, her blir det gevinstar til den store gullmedalje, bokstavleg talt, smiler basargeneral Geir Tonning.

Spurte fint om noko signert

Han og Ping Pong- kompanjong Vidar Edelston har pakka fram den flotte medaljen, som har innskrifta Oslo-Holmenkollen-NOR 2017/2018 Relay men.

- Det var Åge Rustøen, gudfaren i SPPC, som kontakta Johannes og lurte på om det gjekk an å få noko signert til basaren. Så kom familien tilbake frå Oslo med denne, gliser han.

I tillegg har dei fått Tarjei Bø sitt startnummer frå Kontiolahti, som er signert av begge brørne.

- Desse blir ein gevinst ilag, slår basargeneralen fast.

Deler ut att overskotet

Han kan elles melde om eit svært godt innkome av flotte gevinstar til årets basar.

- Når frukt- og kolonialkorga blir på åresal, så seier vel det sitt, seier Tonning.

Det fulle og heile overskotet frå basaren skal ut att til frivillig foreiningsarbeid, og i løpet av kvelden skal tidlegare overskot frå SPPC-arrangement delast ut -totalt 150.000 kroner.

Medaljen som Johannes fekk etter å ha bidrege til siger for det norske stafettlaget i Holmenkollen.
Helsing frå Johannes.