I eit brev til Stryn kommune ber Vestskog SA om å få kartlagt alle dei kommunale drikkevasskjeldene, både drikkevatn og reservevasskjelder. Av brevet går det fram at samvirkeføretaket ønskjer å førebygge risiko for at skogsdrift skal kome i konflikt med kommunale drikkevatn i framtida.

- Eit ledd i denne risikoreduseringa er å få dokumentert kvar desse vatna ligg i kvar kommune. Nokre kommunar har drikkevatn som ligg slik til at dei aldri kjem i konflikt med skogsdrift, andre kommunar har drikkevatn som i høgste grad potensielt kan bli berørt, skriv miljøansvarleg Kenneth Aaland i Planavdelinga for Vestskog SA.

Vestskog SA er eit selskap i skogsamvirket med oppgåve å sikre meirverdi for eigararane. Samvirkeføretaket tilbyr tenester innanfor skogbruksplanlegging, hogst, tømmerkjøp,planting, ungskogpleie og utmark.