Fylkesmannen har frå Helse- og omsorgsdepartementet fått i oppdrag å kartlegge om det er kommunar i Sogn og Fjordane som ynskjer å delta i ein prøveordning med å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 1. januar 2020.

Bakgrunnen for prøveordninga er at fleire kommunar i høyringa har vist interesse for å frivillig ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå fylkeskommunane. I første runde omfattar den om lag 15 kommunar.

Deltakarkommunene må legge til rette for å kjøpe tenester frå andre dersom ikkje deltakarkommunene sjølve er i stand til å levere tenestene og det fyl ei rekkje krav til den som vil ta over tenesten. Søknadsfristen er 18.mai inneverande år.

Rådmannen meinte prosjektet vil vere for omfattande og krevje ekstra administrative ressursar,spesielt i høve til planlegging, avtaleinngåing, gjennomføring og oppfølging.

- Det er ikkje rom i administrasjonen til å ta på seg ei så omfattande oppgåve utan å tilsette ekstra ressursar, skreiv rådmannen.

Helse- og sosialutvalet handsama saka tysdag og gjekk samrøystes inn for rådmannen si tilråding om å takke nei til å delta i prøveordninga.

Saka skal avgjerast i kommunestyret