Den 40. strynemessa er over, nok ein gong med godt besøk og allsidige tilbod og aktivitetar for besøkjande i alle aldrar. Strynemessa har i løpet av sine 40 år, og etter eit enkelt overslag, samla nærare tre kvart million menneske. Messa som møtte motstand av fleire, også innafor handelsstanden, då ideen vart skapt, er blitt eit årleg trekkplaster svært mange set pris på. Sjølvsagt fordi messa dreg mykje folk til Stryn.Strynemessa har mange viktige funksjonar. Først og fremst som møteplass mellom folk, kultur og handel - og som ein av fleire identitetsskaparar for handelssenteret Stryn. Odd Staalnacke og medhjelparane hans gjorde ein svært viktig jobb for distriktet då han lanserte ideen om ei haustmesse i Stryn. Han trudde kanskje ikkje sjølv at messa skulle bli så stor og så vellukka som han vart. Men Staalnacke viste evne til utvikling og til å spele på lag med lokalt kulturliv og organisasjonsliv. Samtidig hadde han dei rette kontaktane for å skaffe gode og tidsriktige underhaldningskrefter. Det grunnlaget Staalnacke skapte, saman med medspelaren og medarrangøren Røde Kors, viste seg å vere eit solid byggverk å vidareutvikle. Då Staalnacke trekte seg ut etter 30 års innsats, stod Fagre Stryn aktivitetsselskap og Jørn Sønsterudbråten klar til å overta. Framleis med Røde Kors som viktig medarrangør.Sønsterudbråten er dagens messegeneral. Han som Staalnacke veit at messe handlar om å mikse ein meny som treff eit breiast mogleg publikum. Når messa har noko for små og store og for nær sagt alle interesser, vil suksessen vare. Det handlar om å følgje med i tida, både på underhaldningsfronten og ikkje minst på trendar. I fjor endra messa kurs og la meir vekt på mat, jakt, fiske og friluftsliv. Dette vart vidareutvikla i år. Med kontinuerleg fokus på å lage konsept folk vil ha, kan Strynemessa sjå fram mot neste runde tal som er 50.