I den pågåande debatten om kommune- samanslåing har fleire stilt spørsmål ved kva som eigentleg skjer dersom to – eller fleire -  kommunar på kvar si side av fylkesgrensa vel å slå seg saman.

Nokre spår oppsmuldring av Sogn og Fjordane fordi kommunar i grenseområda kan kome til å slå seg saman med kommunar i Hordaland og Møre og Romsdal og gå inn i desse fylka. Andre seier det i praksis vil vere utan betydning, fordi også fylkeskommunane kjem til å bli endra til større regionar i nær framtid. Nokre seier også at endring av fylkesgrensene er ein tungrodd prosess som ikkje let seg gjennomføre like raskt som den føreståande kommunereforma.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har sagt seg villig til å prøve å oppklare nokre av spørsmåla for Fjordingen sine lesarar.

Treng ikkje å endre grensa

– Kva skjer dersom kommunar på kvar si side av fylkesgrensa vurderer å slå seg saman? Kan ein då få gjort «hastevedtak» på flytting av fylkesgrensa?

- Samanslåing av kommunar på tvers av fylkesgrensa og justering av grensa vil skje i ein og same prosess. Ein treng ikkje endre fylkesgrensa før ei samanslåing, men når kommunane har slått seg saman vil den nye kommunen tilhøyre eitt fylke. Dette gjeld imidlertid berre i tilfelle der det er èin kommune som må byte fylke. Dersom fleire kommunar skal endre fylkestilknyting, er prosessen annleis. - Kongen i statsråd kan endre fylkestilknytninga for èin kommune. Dersom det gjeld fleire kommunar må saka til Stortinget, seier Sanner.

Forslag våren 2017

Fram til Forvaltningsreforma skulle vedtakast i 2010 var det mange som venta ei samanslåing av fylkeskommunar og endring til større regionar.

- Desse planane vart lagt i skuffen? – Forvaltningsreforma vart gjennomført, men resulterte ikkje i samanslåingar. – Men er det ei ny regioninndeling på gang no, som vil erstatte dagens fylkeskommunar? I så fall når?– Alle landets fylkeskommunar er inviterte til å diskutere samanslåing. Stortinget har bede regjeringa om å kome med eit forslag til ny struktur for eit regionalt folkevalt nivå våren 2017. Det Stortinget har lagt til grunn er færre og større regionar. Men denne regionreforma er enno ei stund fram i tid. – Dei nye regionane vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2020, seier statsråden.