Det som ser ut til å vere ein dyretragedie skjedde i Stryn kommune søndag ettermiddag.

– Politiet har vore på staden og sikra spor samt avhøyrd eigar av hundane.

–To vaksne hundar stakk av frå eigar søndag ettermiddag. Etterpå vart det funne ein død ponny, fortel politibetjent Martin Sundseth. Han opplyser at hundeeigar sjølv tok kontakt med fornærma.

– Dette er ein svært kjedeleg sak for alle partar. Vi har sikra spor på ponnyen og på hundane. Dei hadde blodflekkar på seg då dei kom heim, opplyser politiet.

–Kva skjer med hundane?

– Det har ikkje politiet teke stilling til enno. Men eigar har sjølv sagt at han er innstilt på å avlive dei, seier Sundseth.

Saka vert vidare etterforska.