- Dette er noko vi har jobba for i svært lang tid, så det er godt. Utruleg flott at desse føredragshaldarane, som har eit svært hektisk program, faktisk ville prioritere å kome på konferansen vår, seier Gunn Skrede, veslesystera til ME-sjuke Agnete Skrede, som har vore intitativtakar til ME-konferansen i Stryn.

I to denne veka var helsepersonell, offentleg tilsette og andre interesserte samla til ME-konferans i Stryn kulturhus. Hit kom også landets fremste forskarar på sjukdommen.

Sjølv låg initiativtakaren heime bak nedrulla gardiner. Ho er for sjuk til å delta.

Ein kronikk i Dagens Medisin starta det heile. Den hadde ME-råka Agnete Skrede arbeidd med over lang tid, små bitar som vart sette saman ved hjelp av familien. Kronikken vart den mest leste på Dagens Medisin det året, og fekk stor merksemd. I fjor arrangerte familien med gode støttespelarar ME-foredrag med Jørgen Jelstad, og i år vart det altså ein heil ME-konferanse.

Veslesystera til Agnete, Gunn, mottok saman med foreldra Ester og Arne applaus frå salen for sitt arbeid med å få til ME-konferansen då fagdagen starta tysdag.

- Kva håpar de å få ut av konferansen?

- Å spreie kunnskap om ME er hovudmålet, seier Gunn Skrede. Ho har ikkje berre systera sin sjukdom å relatere til.

- Sjølv er eg fysioterapeut, og eg ser at mange ME-pasientar møter lite forståing og kunnskap, både blant fysioterapeutar, legar og helsepersonell generelt, seier ho, og legg til at dette også går igjen i høve til det kommunale apparatet, NAV og andre offentlege instansar.

- Difor er det ei hovudmålsetjing med konferansen å auke kompetansen hos dei som gjennom sitt virke møter ME-pasientane.