Harald Ekroll i Fylkeseldrerådet meiner universelt utforma gang- og sykkelveg bør vere ein del av planlegginga ved nye vegprosjekt. Under høyringskonferansen for NTP fredag roste han satsinga i Eid og Førde og sa seg tilsvarande lite nøgd med at gangveg ikkje er med langs fv 60 ved Skarstein.– Bygging av gangvegar er god miljøpolitikk og god folkehelsesatsing for å få fleire folk ut, sa Ekroll.–Eg er einig. Innan gang- og sykkelveg er det ikke gjort nok, svarte vegdirektør Terje Moe Gustavsen.