Sist veke var ungdomsrådet i Stryn samla for å dele ut 20.000 kroner barne- og ungdomstiltak i Stryn kommune.

Desse fekk midlar:

Stryn kulturhus fekk 3000 kroner til å kjøpe spel og diverse utstyr til lokala i Heimskringla.

Fjelli fritidsområde fekk og 3000 kroner til ballbinge/skøytebane.

Dansegruppe i Stryn fekk 6000 kroner til dansegruppe for ungdom.

Stryn Frivillighetssentral og Heimskringla aktivitetsklubb fekk tildelt 3.000 kroner som skal brukast til aktivitetsklubb for barn i grunnskulealder.

DNT Ung Indre Nordfjord Turlag fekk tildelt 5.000 kr som skal gå til tur til Voss.

Fekk avslag

Loen karateklubb søkte om 15. 000 kroner til karatetrening for barn/ungdom/vaksne. Dei fekk ikkje midlar frå ungdomrsådet si tildeling.

Stryn og Hornindal Jeger og sportsfiskarlag søkte om 3.000 kroner til fiskecamp for barn. Dei fekk heller ikkje midlar frå ungdomsrådet si tildeling.

Restmidlar

Restmidlar på 10.000 kroner skal nyttast til forskjellige kurs, samlingar og tiltak for Stryn Ungdomsråd resten av året.