– Her har vi det veldig kjekt. Dette er noko heilt anna enn å sitje åleine, seier brukarane av dagtilbodet for personar med demens. Heimebuande

I eit lyst og triveleg rom med utsikt mot det som skal bli hagen ved Stryn Omsorgssenter sit fleire kvinner med handarbeida sine rundt eit bord.

Drøset går. Dei småpratar triveleg seg imellom, og ein og annan humoristisk kommentar medfører lått og småhumring rundt bordet. Dette er dagtilbodet til heimebuande personar med demens. – Eit kjekt tilbod. Vi har det skikkeleg bra i lag. Pratar litt, bakar litt, eit måltid i lag og går turar og slikt, seier damene rundt bordet.

Både Vikane og Stryn

Ved omsorgssentera i Vikane og Stryn har dagtilbodet for personar med demens eigne lokale der det er samlingar kvar veke.

To dagar i Innvik (måndag og onsdag) og to dagar i Stryn (tysdag og torsdag). Det trengst inga tilvising frå lege, det er brukaren sjølv som søkjer kommunen om å få delta på dagtilbodet. Tilbodet kom i gang i november og desember 2015, og er for både kvinner og menn.

Aktivitetar og sosialt samvær

– Dagtilbodet er meint å bidra til auka livskvalitet gjennom sosialt samvær og ulike aktivitetar, fortel Cecilie Myklebust som er leiar for tilbodet, og Kari-Anne T. Haveland, som er fagleg ansvarleg.

Aktivitetane spenner frå song og dans, høgtlesing, baking, forming/handarbeid og diverse spel til trim- og turaktivitetar og utflukter. Kriteria for å kunne delta ligg på heimesida til Stryn kommune.

Vil nødig gå glipp av Det er tid for å rydde vekk hand- arbeidet og ta seg ein kaffikopp.

I dag er det Malena Bøe som har steikt vafler til resten av gruppa. Vaflene fell i smak og haustar skryt og godord frå dei andre rundt bordet. Småpraten går om dagtilbodet og aktivitetane. Dei er einige om at det er eit triveleg tilbod dei nødig vil gå glipp av. – Eg har vore her kvar gong, trur eg. Dette er noko eg gjerne vil få med meg, seier Kirsti Bjørkedal, og får støtte av dei andre.

Et middag i lag

– Hadde ikkje dette tilbodet vore, så hadde eg sete der åleine. Og dét er ikkje noko superspennande selskap, akkurat ..., legg Kirsti Bjørkedal til.

Dei andre ler, men nikkar samstundes. – Ikkje minst dette med måltida, seier dei, og fortel at middag er hovudmåltidet dei dagane dei har samlingar. Då får dei middag frå omsorgssenteret, brukar god tid, kosar seg med maten og den gode samtalen, fortel dei, og legg til:– Det er stor skilnad på å sitje fleire ved matbordet og å sitje åleine, sjølv om det er same maten!