– Som mor så vil du at ungane skal få følge draumane sine. Når ein har talentet som Elias har, så meiner eg at ein bør støtte opp på best muleg måte, seier mor Anne Elin Ekornesvåg.

For kort tid sidan mottok ho avslag på klagen som var sendt fylkeskommunen, der ho ville ha gjort om vedtaket som ikkje imøtekom ønsket om gjesteelevgaranti for skuleplass ved ToppVolley Norge i Sauda i Rogaland. No er det berre politikarane som kan hjelpe

Mulegheitene for skulegang i andre fylke varierar mellom fylka. Nokre samarbeider tett om eit felles opplæringstilbod eller utveksling av elevar, andre gjer det ikkje. I mange høve vil det likevel vere mulegheit for at heimfylket kjøper skuleplass for elevar i eit anna fylke, dersom opplæringstilbodet ikkje finst i eins eige.Ein gjesteelevgaranti betyr at heimfylket betaler for skuleplassen du eventuelt får tilbod om i eit anna fylke.

16-åringen å følgje gutedraumen, når saka skal opp i fylkesutvalet 1. juni.

– Førde ikkje eit alternativ

Fylkeskommunen har i sitt avslag vist til at der finst liknande tilbod innanfor fylkesgrensene, ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

– Det er ikkje eit alternativ for Elias, seier Ekornesvåg, og viser til at både det idrettslege tilbodet er dårlegare og at hybellivet er noko dei vil unngå.

– På ToppVolley får ein internatskule. Det er trygt og ein blir teken vare på. Her får ein eit kosthald tilpassa treninga, blir teken vare på ved sjukdom og hjelp med praktiske ting. Sluntrar dei unna skulearbeid, så blir det treningsnekt, fortel ho.

– Norges beste 16-åring

Også volleyballtrenar i Hornindal, Nils Paul Haugen, har engasjert seg i saka

– Vi snakkar om landet sin beste 16-åring. Det har vi svart på kvitt frå NM for regionlag, der Elias vart kåra til turneringa sin mest verdifulle spelar, seier Haugen. Då spela Elias for regionlaget til nabofylket Møre og Romsdal, sidan han og fire andre honndøler har vore voldaspelarar siste året.

– Om han hadde budd på andre sida av grensa så hadde ikkje dette vore noko problem, seier ein oppgitt far, Peder Lødemel. Nabofylket har tradisjon for å sende spelarar til ToppVolley, og i dag går fire av Elias sine klubbkameratar der.

– Dette er einaste skulen eg føler for å gå på. Om eg ikkje kjem inn no, så vil eg vente til etter jul og melde flytting til besteforeldra mine på Ellingsøya. Eg vil gjere det eg kan for å kome ned dit, seier volleyballspelaren sjølv.

– Ja, eg håpar Sogn og Fjordane tek ansvar for å legge til rette for slike talent, seier trenar Haugen.

<strong>Most valuable player:</strong> Elias Lødemel vart kåra til den beste, eller mest verdifulle, spelaren under NM for regionlag tidlegare i år. Der vart det også gull på laget frå Møre og Romsdal i 16-årsklassa. Foto: Privat