– Det er framleis mykje å gjere. Vi skal ha telt i gata, få opp bord og benkar og vi skal merke opp bana slik at turnarane står rett i formasjonane, seier Arve Aaning som er leiar for det heile. Vi møtte han og deler av arrangementskomitéen tysdag, og dei virka for å ha god kontroll på det meste.

– Eg er så kald og roleg, seier nestleiar Lena S. Kjøsnes, før ho bryt ut i latter og innrømmer at det er kanskje ikkje så godt stilt likevel.

– Utfordringa er at vi ikkje har arrangert dette før. Vi har hatt tabelldamene våre å støtte oss til sidan Stryn arrangerte i 2000. Men mykje har skjedd sidan den gong og vi må i grunnen tenkje ut det aller meste på nytt sjølve, seier Aaning. Han er svært takknemleg for alle dei frivillige som hjelper til i forkant og undervegs i gigantarrangementet som samlar vaksne turnarar frå Vestlandet, i tillegg til gjestar frå Austlandet og Trøndelag.

– Vi har liste på 200 som hjelper til. Dette er i hovudsak utøvarar og foreldre. Til dømes treng vi 60 ungar berre til å bere skilt i defileringa, fortel Aaning, og legg til.

– Igjen er det den gode dugnadsånda i Stryn som gjer at vi kan ha slike store arrangement.

Bakstedugnad

Tone Lise Loen har ansvar for kiosk og mat og kan fortelje om ein enorm innsats rundt om i heimane dagane før det brakar laust.

– Foreldre har stått på og baka, og det skal smørjast på 450 baguettar som er førehandstinga til heimreisa. I tillegg er det baka kaker og 800 horn til kafé og kiosk, fortel Loen.

Fredag er då flesteparten kjem til bygda. Mange reiser langt og fleire kjem med fly.

– Vi skal ha tre bussar som hentar på Vigra og ein buss til Hovden. Det blir også shuttelbussar som går mellom Stryn og Alexandra sidan mange skal bu der, fortel Kjøsnes.Første kveld er det mingling og sjølvstyr som gjeld, medan laurdag er det treningar for gruppene på stadion, og stort grillparty i hagen på Alexandra. Det heile vert avslutta med framsyning på stadion søndag, der på det meste 400 turnarar er i aksjon samstundes.

– Eg er spent på om tidsplanen held, at grillpartyet går knirkefritt og om vêret blir bra, seier Aaning.

<strong>Ventar i spenning:</strong> Det meste er på plass og denne gjengen er saman med nærare 200 andre frivillige klare til å ta imot 800 turnarar. F.v.: Tone Lise Loen (ansvar for kiosk og mat), Lene Sandbakk Kjøsnes (nestleiar), Arve Aaning (leiar) og Oddrun Frausing (ansvar teknisk, arena).