Forhandlingsutvalet i Stryn kommune reiste til Hornindal fredag for å fortelje at Stryn vil vere ein god partnar for Hornindal.

- Når Stryn sa nei til Volda, så er det Stryn som har sett Hornindal i den situasjonen at vi må velje retning. Det er eit vanskeleg val. Difor ønskjer vi svar på fleire spørsmål, innleia ordførar Stig Olav Lødemel møtet på Smia fredag.

– Høgst forståeleg. Intensjonsavtalen er eigentleg tynn på detaljar. Vi erkjenner at de må ta eit retningsval og at de ønskjer djupare svar i forhold til kva som står i intensjonsavtalen, kvitterte Sven Flo.Så gjekk han gjennom spørsmåla frå Hornindal og gav svar formannskapet i Hornindal kvitterte ut som avklarande.

– Ingen utarming

– Stryn har ingen tankar om å utarme Hornindal i forhold til dei tenestene de har i dag. Vi har ikkje kapasitet til å ta i mot eldre frå Hornindal til omsorgssenteret i Stryn og der finst heller ingen planar om å flytte skuleelevar frå Hornindal til Stryn, klargjorde Sven Flo.

Han var derimot klar på at Hornindal gjennom samanslåing med Stryn vil få ein partnar som er gode på næringsutvikling og reiseliv og som kan tilføre Hornindal etablering av nye bedrifter fordi Hornindal har meir areal enn Stryn.– I Stryn har NVE skravert mesteparten av arealet vårt med raudt, sa Flo. De har plass. Nyetableringar kan bety spørsmål etter fleire bustadtonter og gje fleire skuleelevar, sa Flo.Han meinte vidare at dagens kommuneøkonomi går i favør Stryn/Hornindal enn Volda/Hornindal.På spørsmål om helsetenester, var Flo klar på at også Stryn vurderer å søkje nordover, uavhengig av samanslåing eller ikkje. Både Flo og rådmann Per Kristian Storevik sa at interkommunalt samarbeid over dagens fylkesgrense er aktuelt uansett kva retningsval Hornindal gjer.Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel utfordra på regionreforma og gjorde det klart at Sogn og Fjordane ikkje har gjort mykje for Hornindal.– Vi er opptekne av Sunnmøre, og eg trur den framtidige regiongrensa vil gå nord for oss, sa Flo.– God presentasjon og positivt at Stryn tok initiativ til møte, sa både Randi Langlo og Nina Lødøen Øen. Eldar Engelund var klar på at han ikkje vil verken til Stryn eller Volda, men at han må gjere eit val.– Det vert vanskeleg. Vi skal bruke tida til torsdag, sa han.