Ein gardbrukar frå Nordfjord er dømd til 30 dagar betinga fengsel for vanskjøtsel av 27 sauer.

Gardbrukaren er og frådømt retten til å eige, halde eller stelle småfe i fem år, rekna frå april 2014.

aka skriv seg over to årtilbake i tid. I følgje ein rapport frå Matttilsynet vart det underein inspeksjon på garden hausten 2013 avdekka fleirebekymringsmessige forhold ved dyrehaldet.

Vedtak om avvikling

2. januar 2014 gjorde Mattilsynet vedtak om avvikling avgardbrukaren sitt dyrehald, med frist 31. januar same år. Dettevedtaket vart påklaga, men under ein ny inspeksjon i mars 2014viste det seg at dei fleste dyra var svært magre. Årsaka varmanglande tilgang på for av god kvalitet, heiter det i dommen fråFjordane tingrett. Dei 27 sauene som vart henta var i svært dårleghold. Med unntak av to dyr vart alle avliva for å spare dei forytterlegare belastningar. Av dommen går det fram at alle dyra kunneblitt sende til slakt dersom dyrehaldet hadde blitt avvikla slikMattilsynet først gjorde vedtak om. I slutten av mars var dyra såavmagra at dei ikkje eigna seg for slakt.

Trudde dyra var i betre forfatning

Mattilsynet oppfatta atgardbrukaren sjølv trudde dyra var i betre forfatning enn dei var.Dyra hadde tilgang på for, men ikkje nok for av god norsk kvalitet.Retten finn difor ikkje bevis for at tiltalte forsettleg unnlot ågje dyra tilstrekkeleg med næring. Men retten konkluderer med atdet er særleg skjerpande at gardbrukaren i perioden etter vedtak omavvikling av dyrehaldet ikkje sørga for at dyra fekk tilstrekkelegmed tilsyn og ernæring. Dette har openbart påført dyra unødigliding, meiner retten.

-Dårleg framdrift frå politiet

Retten seier at forholda gardbrukaren er kjend skuldig i, tilseier ubetinga fengselsstraff. Men saka er i følgje retten blitt svært gammal som følgje av dårleg framdrift frå politiet si side. «Når det på grunn av manglende fremdrift tar mer enn to år fra forholdet er anmeldt til det avsies dom i saken, uten at tidsbruken kan legges tiltalte til last, mener retten at straffen i sin helhet må gjøres betinget», skriv Fjordane tingrett.