I kveld går påmeldingsfristen ut for Hornindalsvatnet Maraton som blir arrangert laurdag 23. juli.

- Det er 25. gongen Hornindal IL arrangerer maraton, fortel abdisert maratongeneral Inge Asbjørn Haugen. Folk må melde seg på i dag, elles blir det etterpåmeldingsavgift.

Løypa går, som dei to siste åra, ut frå sentrum også fire gonger tur/retur Otredalen. Halvmaratonen startar ved Hornindal kyrkje, også to gonger ut i Otredalen og tilbake. 10 km-løpet startar i idrettsparken og er ei vende ut i Otredalen og tilbake.

– Det var eg som hadde forslaget om å legge løpet ut i Otredalen for eit par år sidan, fortel Haugen.

Han fekk først reaksjonar om at det måtte bli forferdeleg kjedeleg, men etter løpet viste det seg å vere suksess.

– Det gjer løpet lettare å arrangere, det er kjekkare fordi ein heile tida møter folk, også er der mykje mindre trafikk enn langs den gamle løypa, seier Haugen.

Han legg til at den noverande maratongeneralen, Irene Lødemel, er reist på ferie.

– Men ho har lagt ned svært mykje arbeid på førehand, avsluttar Haugen, som framleis er ein del av teamet.