– Eg trudde første det var ein spøk! seier Håvard Sollid frå Hornindal.

Først då han hadde googla hagefesten forstod han at det kvite arket med gullmonogrammet var ekte: I haust inviterer kongeparet til stor hagefest i Slottsparken. To innbyggjarar frå Hornindal og to frå Stryn har fått høgtideleg invitasjon til festen.

Fekk sjokk

Det er i høve kongeparet si feiring av 25 år på trona at dei arrangere ein hagefest i Slottsparken. Festen finn stad 1. september. «H. M. Kongens hoffsjef har i følgje befaling den ære å innby» ... står det øvst i innbydinga.

– Eg fekk heilt sjokk! seier Anusha Velalakan, som er den eine av to stryningar som er inviterte. – Monogrammet på sida likna på ei kongekrone, men eg kunne jo ikkje tru det verkeleg kom brev frå kongen til meg! Eg har takka ja, og gler meg veldig. Det vert ei stor oppleving for meg!

Gler meg veldig

Også Annlaug Hole Nygård frå Hornindal har takka ja til invitasjonen. Som dei andre vart ho svært overraska.

– Eg er spent, sjølvsagt. Og gler meg veldig, seier ho. Jarle Hessevik frå Stryn er den fjerde lokale som er invitert. Også han vil ta turen til hovudstaden for å gå i hageselskap. – Då invitasjonen kom, lurte eg vel litt på kvifor, seier Hessevik. – Så eg googla litt, og då skjønte eg at det låg ein tanke bak. Slottet har forklart at dei ønskjer at hageselskapet skal gjenspegle breidda i folket, vere eit slags «Norge i miniatyr».

Gjere stas på kongehuset

– Det er vel litt utanfor mitt interessefelt å gå i selskap med 1500 personar eg ikkje kjenner, men det kan vere kjekt å vere med å gjere stas på kongehuset, seier Hessevik, som legg til:

– Og så fekk eg ein kommentar om at eg må no reise når nokon har gjort seg umaken med å føreslå meg!Også Håvard frå Hornindal har bestemt seg for å takke ja til invitasjonen. – Ja, eg gledar meg, seier han.– Det blir stas med ein liten fest med kongen!